Desse blir med på Skjemtegauk IX

Fire namn er klare for Skjemtegauk-festivalen i år.

Continue reading

Posted in Skjemtegauk 2012 | Leave a comment

Skjemtegauk 2012 i kjømda!

Skjemtegauk IX blir arrangert 6.-7. juli 2012. Følg med her, eller følg oss på Facebook (Festivalen Skjemtegauk) for å bli oppdatert om artistane som kjem.

Posted in Skjemtegauk 2012 | Leave a comment

Les meir om 2011-festivalen

Sunnmørsposten er eit av mediene som såg nærare på Skjemtegauk 2011.

Sjå bilde og les om Skjemtegauk 2011 her:

Continue reading

Posted in Skjemtegauk 2011 | Leave a comment

Dette er Årets Skjemtegauk 2011

Stian Blipp drog det lengste strået, og vart Årets Skjemtegauk 2011.

Nok ein gong vart det ein jamn kamp, men det lengste strået gjekk til ein Skjemtegauk-nykomar.

Continue reading

Posted in Skjemtegauk 2011 | 1 Comment

Desse står på scena laurdag

Dag 2 av Skjemtegauk VIII tek til på KaffeBaren i Ulsteinvik kl 21.00. Prisen er kr 130. Her kan du lese meir om dei som skal på scena:

Continue reading

Posted in Deltakarar, Skjemtegauk 2011 | Leave a comment

Desse står opp fredag

Skjemtegauk VIII startar fredag 8. juli klokka 21. Her er litt meir informasjon om dei fire som skal underhalde på KaffeBaren denne sommarkvelden.

Posted in Deltakarar, Skjemtegauk 2011 | Leave a comment

Du kjem vel på festival?

Skjemtegauk-billettar får du på KaffeBaren eller ved å kontakte festivalleiinga.

Billettar ligg no ute for sal på KaffeBaren i Ulsteinvik. Er du i tvil om du skal kan du no lese litt om festivalen her:

Continue reading

Posted in Skjemtegauk 2011 | Leave a comment

Klart for Skjemtegauk VIII

Fredag 8. juli og laurdag 9. juli er det igjen klart for Skjemtegauk-festival i Ulsteinvik.

Desse komikarane er klare:

  • Håvard Utheim
  • Rune Lothe
  • Anett Wingsternes
  • Vidar Hodnekvam
  • Dag Sørås
  • Per Erik Skogan
  • Stian Blipp Glopholm
  • Ingve Connolly Gran

Følg oss også på Facebook, legg til “Festivalen Skjemtegauk” på di veneliste, og få oppdateringar så fort me har dei klare.

Posted in Skjemtegauk 2011 | Leave a comment

Vidar fyrste dobbeltvinnar

Fyrste dobbeltvinnar av “Årets Skjemtegauk” vart Vidar Hodnekvam.

Vidar Hodnekvam

Årets Skjemtegauk 2010: Vidar Hodnekvam er fyrste dobbeltvinnar av prisen "Årets Skjemtegauk", etter sin andre opptreden på festivalen. Konferansier Christer Torjussen i bakgrunnen.

Strilen har dermed fått pris for begge sine to fyrste Skjemtegauk-festivalar.

Kåringa har aldri vore jamnare enn det den var i år, og få stemmer delte dei øvste i årets konkurranse.

Laurdagsunderhaldninga: Skjemtegauk 2010 sine laurdagskomikarar. Frå venstre konferansier Christer Torjussen, Roger Sundgot, Ellinor Christiansen og "Årets Skjemtegauk" Vidar Hodnekvam.

Dei andre deltakarane i årets Skjemtegauk-festival var Janne Rønningen, Ole Soo, Roger Sundgot, Tore Haukenes, Christer Torjussen, Ellinor Christiansen, André Ulveseter og Henrik Overaa Bjørnson.

Posted in Skjemtegauk 2010 | Leave a comment

Tidenes fyrste andregangsvinnar?

Tore Haukenes er ein av tre som kjempar om å få prisen for Årets Skjemtegauk for andre gong.

Kva har Christer Torjussen, Tore Haukenes og Vidar Hodnekvam til felles? Dei kan alle bli fyrste andregangsvinnarar av Årets Skjemtegauk.

Hodnekvam vann i sin fyrste festival i fjor, og stiller i konkurransen i år igjen. Torjussen har vore med på festivalen fleire gongar, og vann sitt fyrste år i 2005.

Tore Haukenes stod på scenen fredag i sin sjette Skjemtegauk-festival. Nordmøringen vann i 2007, og har vore med kvart år utanom 2009. Kan han få sin andre siger etter pausen?

Desse er dei tidlegare vinnarane av “Årets Skjemtegauk”:

  • 2004: Kyrre Solem Larsen
  • 2005: Christer Torjussen
  • 2006: Tore Haukenes
  • 2007: Yngve Skomsvoll
  • 2008: Henrik Thodesen
  • 2009: Vidar Hodnekvam
  • 2010:
Posted in Deltakarar, Skjemtegauk 2010 | Leave a comment