Desse står opp fredag på Skjemtegauk IX

Skjemtegauk IX startar 6. juli. Dette er dei fem komikarane du får sjå fredag kveld.

Framsyninga fredag kveld startar klokka 21.00. Her kan du lese meir om dei fem komikarane som kjem på scena i løpet av kvelden.

– Sjølvironi er den viktigaste komponenten i vårt mentale immunsystem, sa Roger til Sunnmørsposten før han var med på Skjemtegauk i 2010. No kjem han på scena igjen.

Ole Soo var superreserven som imponerte mange med ein rå humor i 2010. I år kjem strilen tilbake til Ulsteinvik.

Anett er med oss for andre gong. Hareidsdølen har sidan sist sett opp showet «Fra Gøple til Gucci» i Ålesund, og er fast konferansier for Standup Ulsteinvik.

Han debuterte som standupkomikar i 2007, og debuterer på Skjemtegauk i 2012. Dette er vossingen du bør sjå på scena.

Han vart kåra til årets mest morosame student i 2010. No tek Olav vegen til scena på Skjemtegaukfestivalen.

Dei neste dagane får du også presentasjonen av komikarane som kjem på scena laurdag under Skjemtegauk IX. Laurdagsframsyninga startar på KaffeBaren klokka 21.30.

  • Billettar til Skjemtegaukfestivalen kan du kjøpe på KaffeBaren i Ulsteinvik, eller ved å kontakte oss på epost: skjemtegauk@hotmail.no.

You may also like...

1 Response

  1. 5. november 2012

    […] Kven som står opp på Skjemtegaukfredagen kan du lese meir om her. This entry was posted in Deltakarar 2012, Skjemtegauk 2012. Bookmark the permalink. ← Dette er Joachim Skage Dette er Geir Sindre Breivik → […]