Dette er Jørgen Christophersen Knudsen

16 år gamal prøvde han seg fyrste gong som standupkomikar. Nokre år seinare er han klar for Skjemtegauk IX.

Jørgen har stått på fleire scener sidan starten, og kan mellom anna sette Ricks i Bergen og Latter i Oslo på sin CV.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen “Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane“.

Sykkeltaxioperatør

Siste året har han arbeidd med Bergen Sykkeltaxi, eit selskap han har vore med å starte.

Etter eit års pause frå standupsjangeren er han no tilbake.

Vil underhalde

– Eg elsker å stå på scenen og underhalde, seier Jørgen, som står på scenen laurdag kveld under Skjemtegaukfestivalen.

Saman med Jørgen kjem Ørjan Burøe, Joachim Skage, Terese Tveit og Geir Sindre Breivik på scenen laurdag kveld.

You may also like...

1 Response

  1. 30. juni 2012

    […] to content HomeÅrets SkjemtegaukOm Skjemtegauk2012-komikarane2011-komikarane2010-komikarane ← Dette er Jørgen Christophersen Knudsen Dette er Terese Tveit […]