Dette er Terese Tveit

Ho har stått på scena i New York og Stavanger. No kjem Terese Tveit til Ulsteinvik.

Det er to og eit halvt år sidan Tveit starta som standupkomikar. Som nykomar stod ho både på Latter i Oslo og Humorfestivalen i Stavanger.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen “Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane“.

New York og Ringerike fengsel

Som stand up-komikar har ho stått mest i hovudstaden, men har også ein opptreden på New York Comedy Club bak seg. Der gjekk ho på scena i januar i år.

I tillegg har ho det siste året vore innom Ringerike fengsel og Sandnes brygge, på jobbar ho er godt fornøgd med. 

Ny for Skjemtegauk og Ulsteinvik

– Eg har aldri vore i Ulsteinvik, og satsar på det fins straum og internett der også, seier Terese i ein kommentar til festivalen.

No håper ho på sommarver i helga, med mykje latter på Skjemtegauk IX.

Saman med Terese kjem Joachim SkageJørgen Christophersen Knudsen, Ørjan Burøe og Geir Sindre Breivik på scenen laurdag kveld.

You may also like...

4 Responses

  1. 30. juni 2012

    […] med Jørgen kjem Ørjan Burøe, Joachim Skage, Terese Tveit og Geir Sindre Breivik på scenen laurdag […]

  2. 1. juli 2012

    […] Skjemtegauk IX – 6.-7. juli 2012 Humorfestivalen i Ulsteinvik Skip to content HomeÅrets SkjemtegaukOm Skjemtegauk2012-komikarane2011-komikarane2010-komikarane ← Dette er Terese Tveit […]

  3. 3. juli 2012

    […] Dette er Terese Tveit. […]

  4. 4. juli 2012

    […] laurdag er Ørjan Burøe, Geir Sindre Breivik, Jørgen Christophersen Knudsen, Joachim Skage og Terese Tveit. Me startar klokka 21.30 laurdag 7. juli. This entry was posted in Skjemtegauk 2012. Bookmark […]