På Skjemtegauk '08 kan du sjå desse komikarane:


Håvard Utheim

Håvard Utheim er leiar for Stand up Trondheim der han har heldt på i rundt 4 år. Han har no ein plass mellom 80 og 90 show på samvittigheita, frå Oslo i sør til Steinkjer i Nord, og materialet er henta fra eige liv og eigne opplevingar. Var også med på Skjemtegauk 2006.
Står på scena laurdag.


Yngve Skomsvoll

Yngve Skomsvoll får deg til å le av ting du kanskje aldri har tenkt over at er morosamt. Dei hysteriske betraktningane og pussige observasjonane om livet og verda rundt oss har sørga for latterbrøl og gode kritikkar over heile landet. Yngve spesialskriv alltid stoffom stadane han besøker, og går aldri under beltestedet - men serverer intelligent, absurd humor av ypperste klasse.
Står på scena fredag.


André Jerman

Andre har lang erfaring på scena, med både musikk, cabareter og show, men nå er det stands up som gjelder. I 2005 var André gjestekomiker på Shabana Rehmans sommershow, og han turnerte i 2005 og 2006 med Zahid Ali.
Står på scena fredag.


Else Kåss Furuseth

Else Kåss Furuseth, som er standupkomiker, er en fast medarbeider i radioprogrammet Ken eller Torkil som sendes på NRK P3. Hun har også hatt et eget show kalt Show Show og vært assistent i Klaus Sonstad show.
Står på scena laurdag.


Henrik Thodesen

Henrik Thodesen er en meget erfaren ung komiker, med lang fartstid på scena og de siste årene i NRK petre. Hører du petremorgen, har du helt sikkert hørt hans parodier på morgenkvisten. I tillegg er han, sammen med Else Kåss Furuseth, en sentral brikke i det ukentlige undergrunns-humor-sceneshowet Blymandag.
Står på scena laurdag.


Tore Haukenes

Årets Skjemtegauk frå i fjor. Tore er den einaste som har vore med på samtlege Skjemtegaukfestivalar, og har stilt opp med nytt materiale kvar gong. Også denne gongen er det grunn til å glede seg til Frei-væringen. I 2005 byrja han som tekstforfattar i Rikets Røst med Otto Jespersen på TV2. Etter 5 sesongar i bakgrunnen som tekstforfattar, har han igjen fokus på det han liker aller best:
Å stå på scena, framfor eit latterhikstande publikum.
Står på scena fredag.


Kristine Magnesen

Jobbar i barnetimen i NRK radio. Ein beskytta barndom berre avbroten av bilturar til slekt på vestlandet. Likar framleis tull, øl og kule gutar. Likar korkje fanatikarar eller trening, og slett ikkje treningsfanatikarar.
Står på scena fredag.


Siri Kristiansen

Har drive med standup i om lag fem år. Ho har vore på dei store klubbane i Oslo, vore rundt om i landet, og også opptredd på Ila Landsfengsel og på Stortinget. Jobbar for tida i P3Morgen, og har skrive for både TV, Radio og reklamebransjen tidlegare. Har turnert med mellom anna Thomas Giertsen, Harald Eia og Espen Eckbo og gjeve ut eiga bok: Siris Dagbok.
Står på scena laurdag.


Roger Sundgot

Roger var ein av dei originale Skjemtegaukane. På fyrste kveld i 2004 var han med på festivalen. Fire år seinare er han no attende.
Står på scena fredag.

 

 

Informasjon om komikarane blir oppdatert.