Category Archives: Deltakarar
Desse står på scena laurdag
Dag 2 av Skjemtegauk VIII tek til på KaffeBaren i Ulsteinvik kl 21.00. Prisen er kr 130. Her kan du lese meir om dei som skal på scena:
Desse står opp fredag
Les om dei fire komikarane som skal opptre fredag kveld. Continue reading
Tidenes fyrste andregangsvinnar?
Kva har Christer Torjussen, Tore Haukenes og Vidar Hodnekvam til felles? Dei kan alle bli fyrste andregangsvinnarar av Årets Skjemtegauk. Hodnekvam vann i sin fyrste festival i fjor, og stiller i konkurransen i år igjen. Torjussen har vore med på … Continue reading
Vidar Hodnekvam
I fjor var det ein kar frå Bergensområdet som tok Skjemtegaukpublikum med storm. Vidar Hodnekvam reiser landet rundt på klubbscener og humorfesitvalar, og har verkeleg skapt seg eit namn dei siste to åra. Så likte du han i fjor, kjem du … Continue reading
Roger Sundgot
Roger Sundgot kjem frå Sundgot, og var med på den fyrste Skjemtegaukfestivalen i 2004, og kom tilbake for andre gong i 2008. No er den lokale komikaren attende for tredje gong, med splitter nytt materiale.
Ellinor Christiansen
Ein nykomar i Skjemtegauksamanheng. Ellinor Christiansen har drive med stand up sidan 2008, og vart i år kåra til årets nykomar på Humorfestivalen i Stavanger, og er ein av dei mest framadstormande komikarane i Bergen om dagen.
Christer Torjussen
Laurdag kjem ein av dei aller mest populære komikarane i Skjemtegaukhistoria, og i Norge for den del, Christer Torjussen tilbake til Ulsteinvik. Christer var på Skjemtegauk for fyrste gong i 2005, og vart kåra til Årets Skjemtegauk allereie fyrste året. … Continue reading
Grim Moberg
Dei siste åra har Stand Up Bergen nærast eksplodert i nye talent, og heilt i front, saman med fjorårets suksessar Doffedutten og Vidar Hodnekvam, står Grim Moberg. Eit raskt googlesøk på Grim gjev fleire treff på Latter-TV, der du kan sjå … Continue reading
Henrik Overaa Bjørnson
Har vore med oss ein gong tidlegare, i 2007, då han var relativt fersk i Standupuniverset. Sannsynlegvis var han den yngste komikaren som har opptrådd på Skjemtegauk. Likevel imponerte han tilhøyrarane. No har han fått ein del år på baken, … Continue reading
Janne Rønningen
Kjem til Skjemtegauk for fyrste gong. Janne vart fyrst kjend gjennom radioprogrammet XL, der ho gjorde innslag for Espen Thoresem, og har sidan vore programleiar i Smørøyet, samt vore i seriane Trigger på NRK, Mandagsklubben på TVNorge, og Helt privat, … Continue reading