9.-10. juli er det klart for den sjuande Skjemtegaukfestivalen. Så langt har me hatt 28 komikarar som har over 50 opptredenar, og i år er me tilbake på Kaffibaren med to nye framvisningar, fredag og laurdag. I år har me med tre tidligare vinnarar av Årets Skjemtegauk, samt tre nykomarar som aldri har vore på festivalen før.
I år kjem desse komikarane:
Fredagen ser slik ut:
- Tore Haukenes
- André Ulveseter
- Janne Rønningen
- Henrik Overaa Bjørnson
- Grim Moberg
Laurdag kjem desse:
- Christer Torjussen
- Ellinor Christiansen
- Roger Sundgot
- Vidar Hodnekvam
Meir om komikarane kan du lese i Deltakarar 2010 i høgremargen.

Vidar Hodnekvam vann prisen for Årets Skjemtegauk i sitt fyrste år på festivalen.
I fjor var det ein kar frå Bergensområdet som tok Skjemtegaukpublikum med storm.
Vidar Hodnekvam reiser landet rundt på klubbscener og humorfesitvalar, og har verkeleg skapt seg eit namn dei siste to åra. Så likte du han i fjor, kjem du til å elske han i år.
Roger Sundgot kjem frå Sundgot, og var med på den fyrste Skjemtegaukfestivalen i 2004, og kom tilbake for andre gong i 2008.
No er den lokale komikaren attende for tredje gong, med splitter nytt materiale.
Ein nykomar i Skjemtegauksamanheng.
Ellinor Christiansen har drive med stand up sidan 2008, og vart i år kåra til årets nykomar på Humorfestivalen i Stavanger, og er ein av dei mest framadstormande komikarane i Bergen om dagen.
Laurdag kjem ein av dei aller mest populære komikarane i Skjemtegaukhistoria, og i Norge for den del, Christer Torjussen tilbake til Ulsteinvik.
Christer var på Skjemtegauk for fyrste gong i 2005, og vart kåra til Årets Skjemtegauk allereie fyrste året. Deretter kom han tilbake i 2006 og 2007, men har no hatt ei lengre pause frå festivalen.
Sist haust sette han opp showet “Christer Torjussen kommer til poenget”, og i år er han endeleg tilbake på Skjemtegauk.
Dei siste åra har Stand Up Bergen nærast eksplodert i nye talent, og heilt i front, saman med fjorårets suksessar Doffedutten og Vidar Hodnekvam, står Grim Moberg.
Eit raskt googlesøk på Grim gjev fleire treff på Latter-TV, der du kan sjå bitar av tekstane hans framført på VG-TV.
Etter å ha vorte ein etablert komikar i Bergen har Grim no også etablert seg med ei høg stjerne i standupmiljøet i Oslo.
Har vore med oss ein gong tidlegare, i 2007, då han var relativt fersk i Standupuniverset.
Sannsynlegvis var han den yngste komikaren som har opptrådd på Skjemtegauk.
Likevel imponerte han tilhøyrarane. No har han fått ein del år på baken, og har flytta frå Ålesund til Oslo, der han no er ein gjengangar på byens humorscener.
Kjem til Skjemtegauk for fyrste gong.
Janne vart fyrst kjend gjennom radioprogrammet XL, der ho gjorde innslag for Espen Thoresem, og har sidan vore programleiar i Smørøyet, samt vore i seriane Trigger på NRK, Mandagsklubben på TVNorge, og Helt privat, sammen med Kristin Skogheim.
Stand up har ho dreve med sidan 2001.
Ein kjenning av Skjemtegaukpublikummet, som har vore med oss to gonger før.
André er opprinneleg frå Bergen, men er primus motor bak Stand Up Ålesund, som dei siste åra har vokse veldig, og no dreg landets beste komikarar til Ålesund.
Kåra til Årets Skjemtegauk 2006.
Tore er ein veteran på Skjemtegauk, og den som har vore i Ulsteinvik flest gongar. Han har vore med på samtlege festivalar, bortsett frå fjorårets. Tore reiser rundt i heile landet, og gjer fleire standupjobbar i veka, i tillegg til å jobbe fulltid som tekstforfattar i Rubicon TV.
Det siste året har han vore regissør og tekstforfattar på blant anna Nordens Herligste, med Ylvisbrørne, og Lyngbø og Hærlands Big Bang, der han no akkurat er i gong med førebuingane til andre sesongen.