Christer Torjussen

Laurdag kjem ein av dei aller mest populære komikarane i Skjemtegaukhistoria, og i Norge for den del, Christer Torjussen tilbake til Ulsteinvik.

Christer var på Skjemtegauk for fyrste gong i 2005, og vart kåra til Årets Skjemtegauk allereie fyrste året. Deretter kom han tilbake i 2006 og 2007, men har no hatt ei lengre pause frå festivalen.

Sist haust sette han opp showet «Christer Torjussen kommer til poenget», og i år er han endeleg tilbake på Skjemtegauk.

You may also like...