Tidenes fyrste andregangsvinnar?

Tore Haukenes er ein av tre som kjempar om å få prisen for Årets Skjemtegauk for andre gong.

Kva har Christer Torjussen, Tore Haukenes og Vidar Hodnekvam til felles? Dei kan alle bli fyrste andregangsvinnarar av Årets Skjemtegauk.

Hodnekvam vann i sin fyrste festival i fjor, og stiller i konkurransen i år igjen. Torjussen har vore med på festivalen fleire gongar, og vann sitt fyrste år i 2005.

Tore Haukenes stod på scenen fredag i sin sjette Skjemtegauk-festival. Nordmøringen vann i 2007, og har vore med kvart år utanom 2009. Kan han få sin andre siger etter pausen?

Desse er dei tidlegare vinnarane av «Årets Skjemtegauk»:

  • 2004: Kyrre Solem Larsen
  • 2005: Christer Torjussen
  • 2006: Tore Haukenes
  • 2007: Yngve Skomsvoll
  • 2008: Henrik Thodesen
  • 2009: Vidar Hodnekvam
  • 2010:

You may also like...