Vidar fyrste dobbeltvinnar

Fyrste dobbeltvinnar av «Årets Skjemtegauk» vart Vidar Hodnekvam.

Vidar Hodnekvam

Årets Skjemtegauk 2010: Vidar Hodnekvam er fyrste dobbeltvinnar av prisen "Årets Skjemtegauk", etter sin andre opptreden på festivalen. Konferansier Christer Torjussen i bakgrunnen.

Strilen har dermed fått pris for begge sine to fyrste Skjemtegauk-festivalar.

Kåringa har aldri vore jamnare enn det den var i år, og få stemmer delte dei øvste i årets konkurranse.

Laurdagsunderhaldninga: Skjemtegauk 2010 sine laurdagskomikarar. Frå venstre konferansier Christer Torjussen, Roger Sundgot, Ellinor Christiansen og "Årets Skjemtegauk" Vidar Hodnekvam.

Dei andre deltakarane i årets Skjemtegauk-festival var Janne Rønningen, Ole Soo, Roger Sundgot, Tore Haukenes, Christer Torjussen, Ellinor Christiansen, André Ulveseter og Henrik Overaa Bjørnson.

You may also like...