Dette er Olav Svarstad Haugland

Ein nykomar for Skjemtegaukfestivalen, men ein komikar som veit kva knappar han skal trykke på. Den artigaste studenten i Noreg kjem til Ulsteinvik 6. juli.

Når Olav Svarstad Haugland går på scena, blir det garantert god stemning i salen. Kombinasjonen av eit laust og ledig uttrykk i samspel med sterke tekstar, gjer ikkje berre Olav Svarstad Haugland til ein komikar, men også ei oppleving.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen «Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane«.

Prisvinnar

Etter han debuterte med stand up i 2009 har Olav raskt kome inn i varmen hjå dei store stand up-klubbane i Noreg. Retorikkstudenten, som bur i Bergen, vart raskt ein del av byens veksande stand up-miljø.

I 2010 sikra han seg den gjeve tittelen «Norges morsomste student» etter ein landsomfattande konkurranse i regi av Norsk studentorganisasjon og Stand Up Norge.

Allsidig komikar

Olav sitt humorspekter breier seg frå det absurde til musikalske innslag. Han har brei erfaring frå revy- og teaterscena, og også frå improvisasjonsteater.

Og ja, han er sonen til Valgerd.

Olav står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med han kjem Anett Wingsternes, Ole Soo, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland Moberg.

  • Billettar til Skjemtegaukfestivalen kan du kjøpe på KaffeBaren i Ulsteinvik, eller ved å kontakte oss på epost: skjemtegauk@hotmail.no.

You may also like...

4 Responses

  1. 23. juni 2012

    […] står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med ho kjem Olav Svarstad Haugland, Ole Soo, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland […]

  2. 24. juni 2012

    […] står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med ho kjem Olav Svarstad Haugland, Anett Wingsternes, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland […]

  3. 4. juli 2012

    […] fredag er Olav Svarstad Haugland, Anett Wingsternes, Roger Sundgot, Ole Soo og Grim Moberg. Me startar fredag 6. juli klokka […]

  4. 7. juli 2012

    […] Les meir om Olav her. […]