Dette er Anett Wingsternes

Stand up-debuten kom i 2008, Skjemtegauk-debuten i 2011. No tek Anett Wingsternes turen over Eidet for å vere med på sin andre Skjemtegaukfestival.

Anett kjem frå Hareid, og starta karrieren som stand up-komikar med eit kurs Fredrik Steen leia i Ulsteinvik i 2008, og eit kurs som «Reis Deg Komikerklubb» arrangerte i 2009.

Gøple og Gucci i Ålesund

Firebarnsmora har jobba mykje for å drive med stand up sidan starten, og har stått på scener rundt om i Noreg.

I oktober 2011 sette Anett opp framsyninga «Fra Gøple til Gucci» saman med fire Ålesundsjenter. Saman skreiv, regisserte og organiserte dei alt som skulle til.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen “Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane“.

Fast konferansier i Ulsteinvik

I 2010 starta ho Standup Ulsteinvik saman med Fredrik Steen. Ein klubb ho sidan hausten 2011 har drive aleine. På klubbkveldane er ho fast konferansier, for ein klubb som i heile år har drege fulle hus. 6. juli kjem ho til Skjemtegauk-festivalen, og håper på like god stemning.

Vil du sjå ein komikar med sjølvironi og uvanlege vinklingar på kvardagslivet på Hareid? Då er dette kvelden for deg.

Anett står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med ho kjem Olav Svarstad Haugland, Ole Soo, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland Moberg.

  • Billettar til Skjemtegaukfestivalen kan du kjøpe på KaffeBaren i Ulsteinvik, eller ved å kontakte oss på epost: skjemtegauk@hotmail.no.

You may also like...

3 Responses

  1. 24. juni 2012

    […] står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med han kjem Anett Wingsternes, Ole Soo, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland […]

  2. 24. juni 2012

    […] Skjemtegauk IX – 6.-7. juli 2012 Humorfestivalen i Ulsteinvik Skip to content HomeÅrets SkjemtegaukOm Skjemtegauk2012-komikarane2011-komikarane2010-komikarane ← Dette er Anett Wingsternes […]

  3. 4. juli 2012

    […] fredag er Olav Svarstad Haugland, Anett Wingsternes, Roger Sundgot, Ole Soo og Grim Moberg. Me startar fredag 6. juli klokka […]