Dette er Grim Moberg

Han skulle vere med i 2010, men måtte avlyse. Det er difor ei stor glede å kunne ynskje Grim Moberg velkomen til Skjemtegauk IX.

Grim er ein av komikarane som har gjort Bergen til ein stor standupby dei siste åra. Saman med mellom andre dobbel Skjemtegauk-vinnar Vidar Hodnekvam har Grim sikra populariteten sin frå scena i vestlandshovudstaden.

Endeleg til Skjemtegauk

Sidan har han også gjort det stort i den norske hovudstaden, og tek endeleg turen til Ulsteinvik og Skjemtegauk-festivalen i sommar.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen “Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane“.

Eit raskt Google-søk på vossingen kan føre med seg latterkuler, anten gjennom hans Youtube-videoar eller via Latter-TV.

Teater og stand up

Moberg debuterte som stand up-komikar i 2007, og har også erfaring frå teaterscena frå tidlegare. Vil du sjå ein mann som verkeleg bruker energien sin på scena, er det berre å ta turen til Skjemtegauk IX.

Grim står på scena fredag kveld under Skjemtegauk IX. Saman med han kjem Olav Svarstad Haugland, Anett Wingsternes, Roger Egil Sundgot og Ole Soo.

  • Billettar til Skjemtegaukfestivalen kan du kjøpe på KaffeBaren i Ulsteinvik, eller ved å kontakte oss på epost: skjemtegauk@hotmail.no.

You may also like...

1 Response