Dette er Ørjan Burøe

Du har kanskje sett han i fjernsynsprogrammet Judas på TVNorge, og han har lang fartstid på scena. No kjem Ørjan Burøe til Skjemtegauk.

Dei fleste får gjennomgå når Ørjan går på scena. I Stand up Norge sin presentasjon blir sambuarar, svigermødre, dørvakter og flyplasstilsette nevnt.

  • Fram mot festivalen vil me presentere alle dei ti komikarane her på nettstaden vår. Kven som kjem til festivalen finn du i artikkelen “Slik blir Skjemtegauk IX-kveldane“.

Brei Karriere

Ørjan sin karriere strekker seg frå fjernsyn, med program som Judas og Splitter Pine, via frokostshowet til Radio 1 i Oslo til sceneshow som Julelatter 2.

Eit kjapt søk på Google viser også at du kan sjå reaksjonen då han vart fridd til på TV2, det fins bloggpostar om han naken, og John Arne Riise skal ha blitt lurt av SMSar frå komikaren.

Lang fartstid

Etter å ha vore komikar i 15 år, gjer Ørjan i år sin fyrste opptreden på Skjemtegaukfestivalen.

Saman med Ørjan kjem Geir Sindre BreivikTerese TveitJoachim Skage og Jørgen Christophersen Knudsen på scenen laurdag kveld.

 

You may also like...

3 Responses

  1. 3. juli 2012

    […] med Joachim kjem Jørgen Christophersen Knudsen, Ørjan Burøe, Terese Tveit og Geir Sindre Breivik på scenen laurdag […]

  2. 3. juli 2012

    […] med Jørgen kjem Ørjan Burøe, Joachim Skage, Terese Tveit og Geir Sindre Breivik på scenen laurdag […]

  3. 8. juli 2012

    […] Skjemtegauk IXÅrets SkjemtegaukOm Skjemtegauk2012-komikarane2011-komikarane2010-komikarane ← Dette er Ørjan Burøe Strålande opning av Skjemtegauk IX […]