Skjemtegauk X nærmar seg

KLARE FOR FESTIVAL: Dag Sørås (f.v.), Stian Blipp, Linda Mahala og Vidar Hodnekvam kjem alle til Skjemtegauk X.

Einaste dobbeltvinnar, og vinnaren frå 2011 er på lista: Seks komikarar er klare for Skjemtegauk X!

Dei seks som er klare er Dag Sørås, Stian Blipp, Linda Mahala, Christoffer Schjelderup, Selda Ekiz og Vidar Hodnekvam.

Sistnemnte er einaste dobbelvinnar av prisen «Årets Skjemtegauk«, og kjem tilbake for fjerde gong. Fyrste gong han vann var i 2009, då var også Christoffer Schjelderup med på festivalen.

Dag Sørås og Stian Blipp var også med på festivalen i 2011, då Blipp stakk av med publikumsprisen.

Linda Mahala er ein av komikarane som var med allereie på den fyrste Skjemtegaukfestivalen i 2004. I tillegg er Selda Ekiz klar for sin fyrste Skjemtegauk.

Me oppdaterer informasjon fortløpande på vår Facebook-side, i tillegg til her på nettsida vår.

Les om tidlegare festivalar her: Skjemtegauk-historia

 

You may also like...