Desse sparkar igang Skjemtegauk X!
by aab · Published · Updated
Fredag klokka 21.00. Den Gamle Nabo. Fire veldig morosame menneskje. Skjemtegauk X!
Den tiande Skjemtegaukfestivalen finn du i andre etasje på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik. Billettar kan du kjøpe på utestaden, eller ved å kontakte oss på epost.
Me har fire komikarar som skal i elden denne kvelden. I løpet av sine tildelte minutt skal dei kjempe om prisen Årets Skjemtegauk, som du, kjære publikumar, er med på å avgjere.
Dei fire nominerte er:
Linda Mahala:
Linda var med på den fyrste Skjemtegaukfestivalen i 2004, som den einaste av årets deltakarar. Sidan den gong har ho gjort mykje standup, vore nominert til Årets Nykomar på komiprisen og laga TV-program på NRK3. Kanskje kjenner du ho att som stemma til ein av «Kometkameratane» på Barne-Tv? I vår har ho også vore fast inventar i «Torsdag Kveld fra Nydalen».
Arnt Finesse:
Dette er ein av tre debutantar på årets festival. Eit av dei heitaste talenta i standupmiljøet dei siste åra. Arnt Finesse frå Halsa vart av Stand Up Bergen kalla «noko av det drøyaste du finn på ei norsk scene». Det er mørkt, det er dystert, og det er veldig, veldig morsomt.
Vidar Hodnekvam:
Ein av dei aller fremste komikarane som har kome ut frå Stand Up Bergen dei siste åra. Standupmiljøet i vestlandshovudstaden har i løpet av dei siste 4-5 åra verkeleg vore med på å prege norsk stand up, og Vidar er ein av dei som har vore i spissen for denne bølga. I dag har Vidar sitt eige show på VGTV; Vidar Hodnekvam Show (VHS), der han samlar det morsomste av klipp du kan finne på nettet. Vidar er den einaste som har greidd å ta med seg diplom som Årets Skjemtegauk to gonger, i 2009 og 2010. Blir dette den tredje?
Stian Blipp:
Dette er Årets Skjemtegauk 2011. Sidan den gong har han vore programleiar på NRK P3, vore progamleiar for Norske Talenter, og er kanskje mest kjend som programleiar for Idol i år. Han er også ein av landets fremste beatboxerar, og vann i 2013 Gullruten som Folkets Favoritt. No er han tilbake på Skjemtegauk, for å vinne prisen som Årets Skjemtegauk i jubileumsåret.
1 Response
[…] Skjemtegauk X – 5.-6. juli 2013 Humorfestivalen i Ulsteinvik Skip to content HomeFestivalinfo Skjemtegauk XÅrets SkjemtegaukOm Skjemtegauk2012-komikarane2011-komikarane2010-komikarane ← Desse sparkar igang Skjemtegauk X! […]