Laurdagskveld på Skjemtegauk X!

LAURDAG, PÅ SKJEMTEGAUK X: Jan Tore Kristoffersen (f.v.), Selda Ekiz, Dag Sørås og Christoffer Schjelderup

Laurdag blir det avgjort kven som blir Årets Skjemtegauk under den tiande festivalen. Her kan du lese om dei fire som kjempar om prisen denne kvelden.

Skjemtegauk X startar fredag kveld. Dei som står på scena då, kan du lese om her. Framsyningane startar klokka 21.00 begge kveldane. Billettar kan du kjøpe på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik, eller ved å kontakte oss på epost

Publikumsfavoritten under den tiande Skjemtegaukfestivalen reiser heim med heider, ære og eit diplom med tittelen Årets Skjemtegauk.

Dei fire som står på scena og kjempar om prisen på laurdag er:

Jan Tore Kristoffersen:

Foto: Presse

Jan Tore vart kåra til beste nykomar på den Store Norske Humorfestivalen i Stavanger i 2010. Han er tidlegare skodespelar, og spelte i fleire filmar, og vart i følge BT nominert til Amanda i 1999. Han har også spelt i ein amerikansk film, med Sean Penn. Men no er det humor som gjeld, og på nettsidene til Stand Up Bergen vert humoren hans omtala som absurd og grenselaus. Det er fyrste gongen han er på Skjemtegauk.

Selda Ekiz:

Foto: Presse

Selda er mest kjent som programleiar for «Newton» på NRK, og vann også Gullrute for beste programleiar i 2013. Men ho har drive med stand up i fleire år, og vann blant anna prisen «Urørt og Uhørt» under den Store Norske Humorfestivalen i Stavanger i 2008. Dette er fyrste året på Skjemtegauk.

Dag Sørås:

Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen

Dag har etter kvart vorte ein av dei mest erfarne standupkomikarane i landet, og har fleire landsdekkande turnear bak seg. Han har også hatt eige show på Fringefestivalen i Edinburgh, som er ein av dei største humorfestivalane i verda, og han var også handplukka til å varme opp for den amerikanske komikaren Doug Stanhope i London i 2010. I tillegg har han vore fast innslag på «Showman» på TV2Zebra, «D-Dag» på VGTV, og no sist, «Underhuset» på TV2. Så var han også på Skjemtegaukfestivalen i 2011.

Christoffer «Doffedutten» Dedekam Schjelderup:

Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen

«Doffedutten» var med på Skjemtegaukfestivalen i 2009, og er saman med Vidar og Stian leiande i Standupmiljøet i Bergen. Han gjer stor suksess med sin lavmælte, men samstundes syrlige og intelligente humor, og var både i 2009 og 2013 nominert til Stå-Opp prisen.

You may also like...