
SKJEMTEGAUK-FREDAG: Stian Blipp, Vidar Hodnekvam, Arnt Finesse, Linda Mahala og Henrik Overaa Bjørnson stod for eit strålande show fredag kveld. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen
Ei overrasking tok turen frå Ålesund, og stemninga var strålande fyrste kvelden av Skjemtegauk X.
Den Gamle Nabo var fullstappa fredag kveld. Med eit strålande lag av komikarar vart det god stemning denne fyrste kvelden av den tiande Skjemtegaukfestivalen.
I tillegg til dei annonserte komikarane, var me så heldige at Henrik Overaa Bjørnson tok turen til Ulsteinvik. Der tok han, på kort varsel, rolla som konferansier i sin tredje Skjemtegaukfestival.
På scena såg me Henrik Overaa Bjørnson, Linda Mahala, Arnt Finesse, Vidar Hodnekvam og Stian Blipp.