Dette er Årets Skjemtegauk 2013
by aab · Published · Updated
Han tok prisen i 2011, og gjorde det igjen i 2013. Stian Blipp er Årets Skjemtegauk 2013! Sjå video her.
– Eg må tilbake neste år, då, seier vinnaren av «Årets Skjemtegauk 2013». Det er dagen derpå, og Stian Blipp er klar for retur til vestlandshovudstaden.
– Skal eg gje meg på topp, eller skal eg halde fram til det gir seg, spør han.
Stian var med på sin andre Skjemtegaukfestival i 2013. Det er to år sidan fyrste gong han besøkte festivalen i Ulsteinvik, og henta sitt fyrste diplom.
- Sjå reaksjonen frå Årets Skjemtegauk 2013 på Youtube.

DOBBELTVINNAR: Stian Blipp henta sin andre diplom som «Årets Skjemtegauk». Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen
Vil vinne meir
Søndag reiste vinnaren til Bergen. I bil, saman med den einaste andre som har to sigre som «Årets Skjemtegauk».
– Dette diplomet vil eg sjølvsagt, med jamne mellomrom, vise til min sidemann, Vidar Hodnekvam, seier den ferske vinnaren.
Stian og Vidar har vunne publikumsprisen på fire av dei ti festivalane. Dei seks andre vinnarane står med eit diplom kvar etter ti års Skjemtegauk-historie.
– Er det feigt å ikkje kome tilbake neste år? Å beskytte tittelen, så ingen kan ta den frå deg? Eg føler eg skal prøve å ta den til det stoppar, seier han.

GODT MOTTEKE: Stian Blipp fekk god respons frå publikum på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen
– Eg bruker alle dei skitne triksa
Stian Blipp har sidan sist han var med på Skjemtegauk, vore med som programleiar for «Verdens Rikeste Land» på NRK P3, han leia Idol på TV2 i vår, og vann i år Gullruten som Folkets Favoritt.
Grunnen til at han vann sin andre publikumspris i Ulsteinvik er likevel delt, meiner han.
– Det er flaks. Og så bruker eg sjellause triks, som beatboxing, dansing og blunking. Eg bruker alle dei skitne triksa, seier han.
- Les om prisvinnaren i Vikebladet/Vestposten: Stian Blipp vart årets Skjemtegauk
Her kan du også sjå bileta frå festivalen, lagt ut på vår Facebook-side.