Desse kjem til Skjemtegauk 2014!
by aab · Published · Updated

Skjemtegauk 2014: Christer Torjussen, Arnt Finesse, Rune Lothe og Halvor Hravn Jellum Johansson er fire av komikarane som kjem til den ellevte Skjemtegaukfestivalen.
Årets Skjemtegauk 2005 og Årets Skjemtegauk 2012 er mellom komikarane du kan sjå på Skjemtegauk 2014.
Billettane ligg no ute for sal.
Den ellevte festivalen i rekkja går føre seg på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik fredag 4. og laurdag 5. juli. Framsyningane startar klokka 21, og under kan du lese om komikarane som dukkar opp.
Fredag kveld kan du sjå desse komikarane:
Halvor Hravn Jellum Johansson er ein av dei raskast stigande stjernene på den norske standuphimmelen. Ein sjarmerande type med naturlig autoritet på scena, som strør om seg med sylskarpe observasjonar. Han kjem til Skjemtegauk for fyrste gong i sommar, og det er berre å glede seg.
Siri Seljeseth er også eit nytt bekjentskap for Skjemtegaukpublikummet. Men komikaren som har sitt utspring i standupmiljøet i Stavanger, har gjort det skarpt både på Humorfest i Bergen, TouMazeing i Stavanger og på standupscenene i Oslo. Seinast 4.juni varma ho opp for MadTV-stjerna Aries Spears, då han hadde show i Stavanger.
Tomas Nesse er ein av veteranane frå den nye bølga med bergenskomikarar som har skylt over landet dei siste åra. Nettsidene til Stand Up Bergen omtalar han som tørrvittig, og i sommar står den etter kvar så erfarne bergensaren på scena på Skjemtegauk for fyrste gong.
Joachim Skage har etter kvart vorte eit svært sentral namn i standupmiljøet i Oslo. Han er ein av dei sentral aktørane i Reis Deg Komikerklubb, og har dei siste åra gjort hundrevis av opptredenar rundt om i landet. Den inste skaren av Skjemtegaukfans vil nok hugse han frå besøka i 2009 og 2012, siste gongen tok han like godt med seg prisen «Årets Skjemtegauk».
Laurdag kveld kan du sjå desse komikarane:
Porsgrunnskomikaren Jahn-
Kevin Arnt Finesse Kildal er tilbake igjen, som den einaste av fjorårets deltakarar. Han har base i Trondheim, der han er primus motor i Standup Nidaros. Arnt Finesse er ein komikar som du huskar at du har sett, og han deler gjerne salen i to. Dei sarte sjelene får røska skjelettet litt etter ein kveld med Finesse.
Den kommunalt ansatte Rune Lothe var ein stor publikumsfavoritt då han var her i 2011, og tok salen med storm med sin tilbakelente stil. Sidan den gong har me masa på vossingen for å få han tilbake, og i år sa han endeleg ja.
Henrik Farley er ein av fyrstereisgutane i år. Trass i sin unge alder, har bærumsguten allereie reist landet rundt og gjort stort suksess med sin standup. No står Ulsteinvik og Skjemtegaukfestivalen for tur, og publikum har mykje å sjå fram til.
Christer Torjussen er ein av landets beste og mest erfarne standupkomikarar, og er nok eit kjent namn for dei fleste. Og no er han endeleg tilbake på Skjemtegauk.
Christer er ein av veteranane i Skjemtegaukhistoria, og var med for fyrste gong i 2005, då han like godt vart kåra til den andre ”Årets Skjemtegauk” i historia. Han var då med tre år på rad, før han tok ei pause til han dukka opp igjen i 2010. I år er han altså med for femte gong.
Billettane til Skjemtegaukfestivalen 2014 ligg no ute for sal på nettsidene til Sjøborg kulturhus. Du kan i tillegg kjøpe billettar på Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).