• Ymse

Halvor er Årets Skjemtegauk 2014

ÅRETS SKJEMTEGAUK: Halvor Hravn Jellum Johansson tok heim sigeren og diplomet som "Årets Skjemtegauk 2014". Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen

ÅRETS SKJEMTEGAUK: Halvor Hravn Jellum Johansson tok heim sigeren og diplomet som «Årets Skjemtegauk 2014». Foto: Åge André Breivik, Skjemtegaukfestivalen

Halvor Hravn Jellum Johansen. Merk deg namnet. Den store mannen har eit endå større talent. I helga utkonkurrerte han resten av feltet, og henta heim diplomet som «Årets Skjemtegauk 2014». Sjå video nederst på sida.

Halvor henta sigeren og diplomet under Skjemtegauk 2014.

Halvor henta sigeren og diplomet under Skjemtegauk 2014.

Johansson var med på festivalen for fyrste gong denne sommaren, og tok publikum med storm fredag kveld.

– Sunnmøringar, om sommaren, som ikkje er på ferie. Det er sinte folk, sa han frå scena på kulturhuset.

Likevel meinte han å ha hatt ei fin helg i Ulsteinvik.

– Veldig gøy å vinne

– Det har vore veldig gøy. Det var litt rart å vinne, sidan ingen av dei som var i salen under utdelinga var der fredag, sa han søndag formiddag.

For med i konkurransen var både komikarane frå fredag og laurdag kveld. Dermed konkurrerte Johansson mot åtte andre komikarar.

– Det er veldig gøy å vinne mot Christer Torjussen, ein gamal ringrev som har vunne det før, og Joachim Skage. Og også å slå dei andre talenta, seier den ferske vinnaren.

Torjussen fekk publikumsprisen då han var med for fyrste gong i 2005, og Skage henta sigeren i sin andre opptreden i 2012.

SKJEMTEGAUKANE: Siri Seljeseth (f.v.), Halvor Hravn Jellum Johansson, Tomas Nesse, Henrik Farley, Rune Lothe, Joachim Skage, Christer Torjussen, Jahn Gorakh og Kevin Kildal stod alle på scena under Skjemtegauk 2014. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegauk

SKJEMTEGAUKANE: Siri Seljeseth (f.v.), Halvor Hravn Jellum Johansson, Tomas Nesse, Henrik Farley, Rune Lothe, Joachim Skage, Christer Torjussen, Jahn Gorakh og Kevin Kildal stod alle på scena under Skjemtegauk 2014. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegauk

– Eg tek i mot med opne armar

Skjemtegauk 2014 er den ellevte festivalen i rekkja. Dei to standupframsyningane gjekk på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Fredag stod Tomas Nesse, Siri Seljeseth, Halvor Hravn Jellum Johansson, Joachim Skage og konferansier Jahn Gorakh på scena.

Laurdag var det Rune Lothe, Henrik Farley, Jahn Gorakh, Kevin Kildal, Christer Torjussen og konferansier Joachim Skage som avslutta festivalen. I etterkant av framsyninga vart det kjent at Johansson henta heim sigeren.

– Det var ikkje venta, men eg tek i mot med opne armar, seier han, og er interessert i å kome tilbake til festivalen seinare.

Sjå video med prisvinnaren her:

You may also like...

1 Response

  1. 11. juli 2014

    […] ← Halvor er Årets Skjemtegauk 2014 […]