Les meir om årets festival
by aab · Published · Updated

BLOGGA OM FESTIVALEN: Christer Torjussen skriv gode ord om festivalen på si nettside christertorjussen.no.
– Litt meir morosamt kvar gong, skriv Christer Torjussen om festivalen. Les heile blogginnlegget hans her.
Innlegget til Christer vart lagt ut på nettsida måndag etter festivalen, og oppsummerer korleis han opplevde festivalen, og kvifor han tykkjer det er viktig å vere med på festivalen.
«Skjemtegauk er viktig fordi det samler komikere fra hele landet, man blir bedre kjent og det sosiale er som nevnt kanskje det aller viktigste.» (christertorjussen.no)
Christer var ein av ni komikarar som var med på årets festival. Joachim Skage returnerte for tredje gong, etter å ha vunne publikumsprisen i 2012. Rune Lothe, Jahn Gorakh og Kevin Kildal var med for andre gong, medan Christer sjølv var med på sin femte festival. I tillegg var det fire fyrstereiskomikarar som var på Skjemtegauk 2014. Ein fin miks, skal me tru herr Torjussen.
«Et par kjente navn er nødvendig for å trekke publikum – så dersom du sitter godt i det som komiker, spør om å få være med neste år. Du kommer definitivt ikke til å angre.» (christertorjussen.no)
Oppmodinga er servert, og under kan du sjå videoutgava av Christer si oppleving av Skjemtegauk 2014.
Fokus på vinnaren

VIKEBLADET PAPIR: Vikebladet fokuserte på vinnaren av «Årets Skjemtegauk 2014» i sin omtale av festivalen.
Vikebladet fokuserte på vinnaren av publikumsprisen Årets Skjemtegauk i sin omtale av festivalen i år. Halvor Hravn Jellum Johansson gjekk av med sigeren i sin fyrste Skjemtegaukfestival.
«Det å bli «Årets Skjemtegauk» er kjempestort for ein framadstormande komikar som meg. Sjølv om festivalen er liten er det svært gjævt å få diplomet i vårt miljø.» (Halvor Hravn Jellum Johansson til Vikebladet.no)
- Les meir her: Vikebladet.no – Årets Skjemtegauk
Meir om festivalen
Her kan du lese våre innlegg om festivalen. Hugs også at du kan følgje oss på Facebook, for å få kjapp tilgang til informasjon etter kvart som me legg det ut.
Her ser du også vår video med vinnaren av «Årets Skjemtegauk 2014»: