Desse ser du 2. juli

Joachim, Pål, Erlend, Jan Tore og Roger. Denne komikarbuketten tek i mot deg på Sjøborg 2. juli.

Torsdagslineupen: Joachim Skage, Pål Rønelv, Erlend Osnes og Jan Tore Kristoffersen kjem til Sjøborg torsdag 2. juli.

Torsdagslineupen: Joachim Skage, Pål Rønelv, Erlend Osnes og Jan Tore Kristoffersen kjem til Sjøborg torsdag 2. juli.

Billettar er i sal på nettsidene til Sjøborg kulturhus. Billettar til torsdag kveld finn du her, fredag kveld finn du her. Les meir om dei som skal på scena under.


Joachim Skage

Joachim Skage returnerer til Skjemtegaukfestivalen.

Joachim Skage returnerer til Skjemtegaukfestivalen.

Mr. Skage er med på festivalen for fjerde gong. I 2012 vann han publikumsprisen «Årets Skjemtegauk». Joachim er ein sentral komikar i standupmiljøet i Oslo, og er ein av dei mest erfarne komikarane i hovudstaden.

Joachim kan du følgje med over nett, om du er interessert. Her finn du han:


Pål Rønelv

Pål Rønelv gjer sin Skjemtegauk-debut andre juli.

Pål Rønelv gjer sin Skjemtegauk-debut andre juli.

Pål blir skildra som «ein lun observatør av det absurde». Komikaren vart kåra til vestlandsmeister i standup fyrste gongen han stod på ei scene, ifølgje standup Bergen.

2. juli debuterer han på Skjemtegaukfestivalen.

Pål kan du følgje med på her:


Erlend Osnes

Bodø-komikar Erlend Osnes kjem til Skjemtegauk 2015.

Bodø-komikar Erlend Osnes kjem til Skjemtegauk 2015.

Erlend debuterte som standupkomikar i 2010, og er kjent for ei blanding av hardtslåande mørk humor, og lettsindige observasjonar.

I tillegg er han ei kjent radiostemme gjennom «dagens Erlend» på Radio 3.

I september har han premiere på framsyninga «Av familiære årsaker».

Du kan også følgje Erlend på Twitter eller på Facebook.


Jan Tore Kristoffersen

Jan Tore Kristoffersen kjem tilbake til Skjemtegauk andre juli.

Jan Tore Kristoffersen kjem tilbake til Skjemtegauk andre juli.

Med sin absurde og intense stil vart bergenskomikaren Jan Tore ein publikumsfavoritt på Skjemtegauk 2013. No har du sjansen til å sjå han i Ulsteinvik igjen.

Vil du vite meir om Kristoffersen og kvar han dukkar opp på scena, kan du følgje han på Facebook eller Twitter.

 


Roger Sundgot

Roger Sundgot er tilbake på sin femte Skjemtegaukfestival.

Roger Sundgot er tilbake på sin femte Skjemtegaukfestival.

Roger er tilbake! Ulsteinkomikaren har vore med oss fire gonger tilbake, og står også på scena torsdag 2. juli. Roger er ein av dei som var med på den fyrste Skjemtegaukfestivalen i 2004.

Sundgot har med seg sjølvironi og lokale observasjonar når han besøker Skjemtegaukfestivalen for femte gong.

You may also like...

2 Responses

  1. 16. juni 2015

    […] Desse ser du torsdag 2. juli! […]

  2. 1. juli 2015

    […] meir om komikarane her. Torsdag 2. juli står det fem komikarar på scena, fredag avsluttar me festivalen med […]