Dei avsluttar Skjemtegauk 2015

Debutantane Sjur Koppen og Ronny Torsteinsen kjem saman med Skjemtegauk-veteranane André Ulveseter og Janne Rønningen til avsluttinga av Skjemtegauk 2015.

Sjur Koppen, Ronny Torsteinsen, André Ulveseter og Janne Rønningen står på scena under avsluttinga av Skjemtegauk 2015.

Sjur Koppen, Ronny Torsteinsen, André Ulveseter og Janne Rønningen står på scena under avsluttinga av Skjemtegauk 2015.

Billettar er i sal på nettsidene til Sjøborg kulturhus. Billettar tiltorsdag kveld finn du her, fredag kveld finn du her

Les meir om dei som skal på scena på fredag kveld her.


Sjur Koppen kjem til Ulsteinvik for å vere med på Skjemtegauk 2015.

Sjur Koppen kjem til Ulsteinvik for å vere med på Skjemtegauk 2015.

Sjur Koppen

Sjur er ein av dei nyaste faste komikarane i stallen til Standup Bergen. I fjor vart han kåra til årets nykomar på landets nye store humorfestival, Humorfest i Bergen.

Juryen omtalte Sjur slik: «Årets nykommer utmerket seg med et originalt og svært godt manus. Han hadde god evne til både formidling og improvisasjon» skriv Bergensavisen på nett.


Ronny Torsteinsen

Ronny gjer sin Skjemtegauk-debut fredag 3. juli.

Ronny gjer sin Skjemtegauk-debut fredag 3. juli.

Ronny er frå Stjørdal, og har skapt seg eit namn i standupmiljøet i Trondheim. Siste åra har han reist landet rundt med komikken.

Adressavisa omtala han som ein «heroinslank enfant terrible fra Stjørdal, som er i ferd med å bli et berømt og beryktet navn i det norske standupmiljøet. Han er uforutsigbar, farlig og fryktelig morsom.»

I år besøker han Skjemtegaukfestivalen for fyrste gong. Du kan finne han på Facebook eller Twitter.


 

Janne Rønningen

Janne Rønningen var med på Skjemtegaukfestivalen fyrste gong i 2010. No kjem ho tilbake.

Janne Rønningen var med på Skjemtegaukfestivalen fyrste gong i 2010. No kjem ho tilbake.

Janne Rønningen har brei erfaring frå både scene, radio og fjernsyn. No gjer ho sin andre visitt til Skjemtegaukfestivalen, der ho også var i 2010.

Janne skapte seg eit namn på P3 på 90-talet, der ho blant anna testa stand up på XL, og har stått på scena landet rundt dei siste 15 åra.


André Ulveseter

André Ulveseter, mannen bak "Bilder i kampen mot særskrivingsfeil" kjem tilbake til Skjemtegauk i år.

André Ulveseter, mannen bak «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil» kjem tilbake til Skjemtegauk i år.

Sistemann ut denne fredagskvelden er bergensar og ålesundskomikar André Ulveseter.

Mannen bak ein av dei største nettsuksessane her til lands, «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil,» var med på Skjemtegauk for fyrste gong i 2007.

I år er Mr. Standup Ålesund med på festivalen for fjerde gong.

André kan du følgje på Twitter eller Facebook.

You may also like...

1 Response

  1. 1. juli 2015

    […] Les meir om komikarane her. Torsdag 2. juli står det fem komikarar på scena, fredag avsluttar me festivalen med fire. […]