Klart for Skjemtegauk 2015
by aab · Published · Updated

Sjøborg er bada i sol 24 timar før Skjemtegauk 2015.
Sola skin, og vervarselet ser bra ut. Torsdag kl 21 startar den tolvte Skjemtegaukfestivalen. Du finn oss på Sjøborg kulturhus. Har du ikkje billett får du kjøpt den i døra.
Du kan kjøpe billettar på nettsida til Sjøborg kulturhus, i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Desse ni står på scena i år:
-
Torsdag 2. juli: Pål Rønelv gjer sin Skjemtegauk-debut andre juli.
-
Torsdag 2. juli: Joachim Skage returnerer til Skjemtegaukfestivalen.
-
Torsdag 2. juli: Jan Tore Kristoffersen kjem tilbake til Skjemtegauk andre juli.
-
Torsdag 2. juli: Bodø-komikar Erlend Osnes kjem til Skjemtegauk 2015.
-
Torsdag 2. juli: Roger Sundgot er tilbake på sin femte Skjemtegaukfestival.
-
Fredag 3. juli: André Ulveseter, mannen bak «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil» kjem tilbake til Skjemtegauk i år.
-
Fredag 3. juli: Janne Rønningen var med på Skjemtegaukfestivalen fyrste gong i 2010. No kjem ho tilbake.
-
Fredag 3. juli: Sjur Koppen kjem til Ulsteinvik for å vere med på Skjemtegauk 2015.
-
Fredag 3. juli: Ronny gjer sin Skjemtegauk-debut fredag 3. juli.
Les meir om komikarane her. Torsdag 2. juli står det fem komikarar på scena, fredag avsluttar me festivalen med fire.
Vel møtt på Sjøborg!