Fekk prisen på fjerde forsøk

Årets Skjemtegauk 2015: André Ulveseter. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegauk

Årets Skjemtegauk 2015: André Ulveseter. Foto: Åge André Breivik, Skjemtegauk

Han prøvde i 2007, 2009 og 2010. 2015 vart året då André Ulveseter endeleg henta heim diplomet som «Årets Skjemtegauk».

André Ulveseter sikra publikumsprisen "Årets Skjemtegauk" på Sjøborg fredag kveld.

André Ulveseter sikra publikumsprisen «Årets Skjemtegauk» på Sjøborg fredag kveld.

André var sistemann på scena i Skjemtegauk 2015. Frå sin ankermannposisjon henta han heim publikumsprisen som «Årets Skjemtegauk».

– Dette var veldig gøy. God konkurranse, så denne kjente eg at eg måtte jobbe for, sa Ulveseter etter sigeren.

André har tidlegare måtte gje tapt for Yngve Skomsvoll (2007) og Vidar Hodnekvam, som vann to på rad i 2009 og 2010. No er den rekorden det neste målet for André.

– Alle burde vere med for å forsvare prisen, seier Ulveseter, som med det sikra seg invitasjon til Skjemtegauk 2016.

For å få med deg datoen for den neste festivalen så fort den er klar, kan du følgje oss på Facebook, eller sjekke nettsida i tida som kjem.

Sjå video av vinnaren like etter resultatet var klart her.

 

  • PS: Alle var ikkje like glade for Ulveseter-sigeren på fredag.

 

Gratulerer årets Skjemtegauk @andulv! #rigget

En video publisert av Jan Tore Kristoffersen (@jtkristoffersen)

You may also like...

1 Response

  1. 5. juli 2015

    […] Les og sjå video av prisvinnaren her. […]