Prisen blir bestemt ved at folk stemmer etter kvar framsyning, og den som får best oppslutning får diplomet ved festivalslutt. Den gjeve «Årets Skjemtegauk»-tittelen er ein publikumspris som blir delt ut under festivalen kvart år.
Vinnarane har vore mange, og fyrst ved Skjemtegauk VII i 2010 fekk me ein dobbeltvinnar då Vidar Hodnekvam henta heim sitt andre diplom.
Desse har vunne prisen for «Årets Skjemtegauk»:
- 2004: Kyrre Solem Larsen
- 2005: Christer Torjussen
- 2006: Tore Haukenes
- 2007: Yngve Skomsvoll
- 2008: Henrik Thodesen
- 2009: Vidar Hodnekvam
- 2010: Vidar Hodnekvam
- 2011: Stian Blipp
- 2012: Joachim Skage
- 2013: Stian Blipp
- 2014: Halvor H. J. Johansson
- 2015: André Ulveseter
- 2016: Halvor Johansson
Du kan vere med på å avgjere kven som får prisen på den trettande festivalen. Skjemtegauk 2016 blir arrangert i Ulsteinvik 12. og 13. august.
I 2015 hadde me to kveldar med stand up. Du kan sjå bilete frå fredag og laurdag her.
Bilete frå fredag og laurdag på 2014-festivalen finn du her.
Forestillingane i 2013 var fredag 5. og laurdag 6. juli. Du kan sjå bilete frå dei to kveldane på vår Facebook-side.
ÅRETS SKJEMTEGAUK 2015: André Ulveseter henta diplomet på fjerde forsøk. Her blir han fotografert av Årets Skjemtegauk 2012, Joachim Skage. Foto: Åge André Breivik.